Skund deg, Guds folk, ditt høge kalt fullenda
Vers 1
1. Skund deg, Guds folk, ditt høge kalt fullenda! Sei til den vide verd at Gud er lys! Folka sin skapar vil'kje det skal henda: Ei sjel i dødsens kalde skuggar frys.
Vers 2
Kor: Syng fagnadbodet, hodet om fred, Bodet om Jesus, det folkeslaga gled.
Vers 3
2. Sjå, millionar enn i heidninglanda Bundne i synd, i angest, naud og natt! Ingen kom ut og gav dei broderhanda, Sa dei at Jesus vann oss vona att.
Vers 4
3. Rop ut til kvart eit folkeslag på jorda: Gud, som vi lever ved, han kjærleik er, Gav oss ein frelsar, - å, syng ut dei orda: Han er med liv og nåde alle nær!
Vers 5
4. Lat dine born få gledebodet bera! Gjev av din rikdom så dei ut kan gå! I dine bøner må du med dei vera, Alt det du gjev, av Gud du att skal få.
Vers 6
Mary Ann Tbomson 1870. Trygve Bjerkrheim 1948
Notater
Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.
Fortsett lesingen
Sangboken