Still no dine strenger, Ande, lyft no venger, Stig med song i sky
Vers 1
1. Still no dine strenger, Ande, lyft no venger, Stig med song i sky! Alle som kan mæla, Syng i dag om sæla Rundt i bygd og by! Mann og møy Om land og øy. Kristenfolk frå alle leier, Syng til Jesu heider!
Vers 2
2. Sjå, Guds Son med siger Opp til himmels stiger Til sin kongestol! Engleskaren helsar Himmelfaren Frelsar Som all skapnings sol. Jesu gjerd Og himmelferd Lovar dei i kvite klede Sælt med sigers kvede.
Vers 3
3. Heil deg i ditt velde, Drott som døden felde, Ormen slo i hel! Vonde ånder gråta, Alle himlar låta Høgt av lovsong sæl. Lov og ros For liv og Ijos Fylgje deg på himmelferdi Frå den frelste verdi!
Vers 4
4. No er freden vunnen, Himmelvegen funnen Ved vår Frelsarmann. Gjennom førehenget Inn har Kristus gjenge. Han vår løysing vann. Høg og sterk Med velgjort verk Sit han over sol og stjerna, Der han vil oss verna.
Vers 5
5. Så eg glad og trugen Heim vil venda hugen, Der du, Frelsar, er. Må ei stund eg bia Og av lengting lida, Heim då vegen ber. Glad og nøgd Til himmelhøgd Opp eg stunda vil og stara,* Til eg heim får fara.
Vers 6
6. Far då sæl og fegen Opp i førevegen! Snart eg fylgja skal. Du meg opp vil draga Og eit rom meg laga, I din himmelsal. Så eg dreg Den same veg, Til din heim du vil meg lysa, I di hall meg hysa!
Notater
Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.
Fortsett lesingen
Sangboken