Bibliotek

Skrivebordsvennlig lesemodus

Innstillinger
0 likesSB · 469

Store, store Gud

av Knut Røhr Staff, Tor Ullsvik

Vers 1

Store, store Gud! Kven kan deg forstå? Undrelig er vegen som du fører dine på. Men om vegen titt vert trong, Eg fram til målet ser, Den fagre, fagre himmelheim, Tenk snart så er eg der!

Vers 2

Store, store Gud Som oss livet gav, Sjå det liknar liten blom som snart lyt falla av. Så det visna må og døy, Det livsens lagnad er. Men bakom dødens skuggeland Eg himmelheimen ser.

Vers 3

Store, store Gud, Takk for denne von, Takk for all din kjærleik og for frelsa ved din Son! Du meg fann i ungdoms år, Du kalla meg ved namn, Du vil og sikkert føra meg Til himlens lyse hamn.

Vers 4

Jesus løys meg meir Frå kvart band som bind! Vert min livsstrid tung, så la meg sjå i himlen inn! Og la vona verta sterk Så gjennom tåreglans Eg skoda kan min himmeheim, Mi krona og min krans!

Vers 5

Svikefulle verd! Du bind mange fast, Mang ein gjekk her vonfull, glad, men vonene dei brast, Takk då, takk, min fresar kjær! Eg no til deg er fest Med blodets sterke band, og då Mi livsvon aldri brest

Notater

Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.

Fortsett lesingen

Sangboken