Synd og sorg er syskenord, Fylgjast jamnan her på jord.
Vers 1
Synd og sorg er syskenord, Fylgjast jamnan her på jord. Syndi har frå Gud oss skilt, Difor lid vårt hjarta ilt; Hjarta som til Gud er skapt, Syrgjer når det Gud har tapt
Vers 2
Så er hjarta sjukt og sårt Til me ser den sanning klårt: Synd til all vår sott er rot, Men i Krist er helsebot; Og med syndesorg og tru Me frå synd til Gud kan snu.
Vers 3
Hjarta så i Jesus Krist Finn den freden som var mist, Fred som overgår alt vet,Gjev vårt liv en annan let; Fred som stiller all vår trong, Løyser sorgi opp i song.
Vers 4
Vel eg enn ein syndar er, Difor står òg sorgi nær; Harm og hugnad skiftast åt, Gleda blandast tidt med gråt; Men igjennom skyer grå Kan eg Jesu åsyn sjå.
Notater
Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.
Fortsett lesingen
Sangboken