Fred, det er eit fagert ord, Fullt av ljos og lukka
Vers 1
Fred, det er eit fagert ord, Fullt av ljos og lukka For det hjarta som på jord Sårt i strid må sukka. Fred frå Gud i barmen sår Fell som sol på enger, Skaper liv og von som vår, Mørkret sundersprengjer.
Vers 2
Fred på jord! Slik englar song Då vår frelsa dagna. Jesus gjennom strid og trong Gav oss fred og fagnad. Fred på jord, det er hans gjerd, Ved hans soning vunnen, Fred med Gud i fredlaus verd Er ved honom funnen.
Vers 3
Når i sorg me sitja må, Sturande og trengde, Herre Jesus, til oss sjå Gjennom dører stengde! Anda på oss, Frelsarmann! Lat oss freden smaka, Den som verdi ikkje kan Gjeva eller taka!
Vers 4
Lat oss djupt i hjartans grunn Sælt di helsing kjenna, Og ved ordet av din munn Lat vårt hjarta brenna, Tru det auga ikkje ser, Tru og aldri tvila, Til me eingong skoda fær Mildt di åsyn smila!
Notater
Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.
Fortsett lesingen
Sangboken