Bibliotek

Skrivebordsvennlig lesemodus

Innstillinger
0 likesSB · 547

Tak meg, min Jesus, åleine med deg Bort ifrå

Vers 1

1. Tak meg, min Jesus, åleine med deg Bort ifrå verda sin larm! Tal ved Den heilage Ande til meg, Legg meg så stilt ved din barm! Løys du dei band som til verda meg bind, Og gjev meg meir av ditt heilage sinn! Hald du meg alltid i kjærleiken varm, Ber meg så trygt på din arm!

Vers 2

2. Jesus, du veit eg er liten og veik, Vara meg ikkje eg kan. Mange er dei som i livet deg sveik, Trør no på blodet som rann. Difor, min Jesus, du vara meg må, Så innved korset eg alltid må stå, Lat meg få sjå på ditt storfelde verk, Då vert i striden eg sterk!

Vers 3

3. Hjelp meg å leva i tru på ditt ord, Rald du meg va- kande her! Jesus, du veit her er mykje på jord Som til meg smiler og ler. Å, lat det aldri få makt over meg, Så det kan draga meg bort ifrå deg! Syn meg din himmel og vis meg min krans, Verda då taper sin glans!

Vers 4

4. Lei meg så stundom i tankane heim, Så eg får sjå eg er rik! Lat meg få sjå inn i gleda til deim Som alt har vorte deg lik! Lyft meg på engleveng høgt imot sky! Løyn meg i storm ved di bringa i ly! Så vil eg lengtande gå på min veg, Venta på heimlov frå deg.

Notater

Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.

Fortsett lesingen

Sangboken