Trua ser dei kvite marker
Vers 1
Trua ser dei kvite marker Der den grøne brodden står. Trua retter hand mot frukta Når til bløming treet går.
Vers 2
Medan gryet enno dryger Som i tvil på høge kam, Skodar trua sjølve dagen, Hastar til si gjerning fram.
Vers 3
Lenge før enn regnet strøymde, Høyrdest Noas hammerslag. Gjennom øydemark og trældom Abraham såg Kristi dag.
Vers 4
Innan vatnet enno kløyvdest, Lyfte Moses stav – og såg At ein veg i mørke djupet Framfor folkets føter låg.
Vers 5
Trua ser mot lovnadslandet, Arven høyrer henne til, Svarar så på høge kallet: «Ja, her kjem eg! Ja, eg vil!»
Notater
Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.
Bibelvers
Hebrearbrevet 11
Trua som ser det som ikkje er synleg.
Fortsett lesingen
Sangboken