Bibliotek

Skrivebordsvennlig lesemodus

Innstillinger
0 likesSB · 478

Vår Gud han er så fast ei borg, Han er vår skjold og verja.

av Carl Boberg

Vers 1

Vår Gud han er så fast ei borg, Han er vår skjold og verja. Han hjelper oss or naud og sorg, Som han så hardt oss herja. Vår gamle fiend' gram Med velde no fer fram. Med makt og mangfeld list Han strir imot oss visst, På jord er ei hans like

Vers 2

Med eiga makt vi inkje vann, Det fekk ein usæl ende. Men med oss går den rette mann, Som Herren sjølv oss sende. Hans namn det veit du visst: Han heiter Jesus Krist, Den hovding for Guds hær, Som eine Frelsar er, Han slaget visst må vinna.

Vers 3

Om verda full av djevlar var Som ville reint oss glupa, Vi liten otte i oss bar, Dei skulle alle stupa. Og fyrsten for den hær, Kor arg han òg seg gjer, Så har han mist si makt, For domen alt er sagt. Eit ord kan honom fella.

Vers 4

Guds ord, det får ein fint la stå, Og takken lyt dei sakna. Når Anden sjølv vil med oss gå, Skal alle åtak rakna. Ja, tek dei enn vårt liv, gods, ære born og viv, Lat fara alt, lat gå! Det vinn dei inkje på. Guds rike vårt skal vera!

Notater

Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.

Fortsett lesingen

Sangboken