Bibliotek

Skrivebordsvennlig lesemodus

Innstillinger
0 likesSB · 569

Velsiga band som bind Guds folk i saman

Vers 1

1. Velsiga band som bind Guds folk i saman her I kjærleik, same sinn Som i Guds himmel er

Vers 2

2. Vi er av konge-ætt, Eit heilagt syskenlag, Men ser vår høge adel rett Fyrst på den store dag.

Vers 3

3. Her skil dei store hav Guds folk i ymse land, Men bundne saman vert vi av Dei sterke Andens band.

Vers 4

4. Her er 'kje fri og træl, Her er 'kje arm og rik. Kvar har den same arvedel Og er dei andre lik.

Vers 5

5. Om nokon av oss lid, Så græt vi andre med, Og vert han atter løyst og fri, Vi oss med honom gled.

Vers 6

6. Vi kjenner saknad sår Når her vi skiljast må, Men vonar i Guds rikes vår Kvarandre atter sjå.

Notater

Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.

Fortsett lesingen

Sangboken