Bibliotek

Skrivebordsvennlig lesemodus

Innstillinger
0 likesSB · 768

Verda treng Kristus og Kristus treng deg, Du som har funne den levande veg

av Jesper Krogedal

Vers 1

1. Verda treng Kristus og Kristus treng deg, Du som har funne den levande veg. Nagla til krossen din fridom han vann. Har du'kje hug å gå ærend for han? Ver med og før andre til Jesus!

Vers 2

2. Prøv du å turka eit tårevått kinn, Sjå til dei sjuke og cinslege inn, Vitna om Herren i liv og i song, Så skal du kanskje få sjå det ein gong At du hjelpte andre til Jesus. 3. Det går så mange som lengtar og lid, Strider i løyndom sin vonlause strid. Bundne av synda, og kalla av Gud - Finn ikkje vegen til fridomen ut. Å, prøv du og lei dei til Jesus.

Vers 3

4. Og millionar utover jord Har ikkje høyrt det livgivande ord. Gjer det du kan for at bodskapen når Ut der kor vondskapens åndehær rår. Så hjelper du andre til Jesus.

Vers 4

5. Gløym ikkje plassen ved Frelsarens fot. Der får den kraftlause styrke og mot. Lev nær din Frelsar, så får du hans sinn, Då kan du sanka for himmelen inn Og leva til æra for Jesus.

Vers 5

Jesper Krogedal

Notater

Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.

Fortsett lesingen

Sangboken