Vinden ser vi ikkje
Vers 1
Vinden ser vi ikkje, Men vi høyrer den Snart som stillsleg susing, Snart som storm igjen.
Vers 2
Anden ser vi ikkje, Men hans stille røyst Talar i vårt hjarta Både tukt og trøyst.
Vers 3
Vinden ser vi ikkje, Men der vinden går, Bøyest gras og greiner, Høge bølgjer slår.
Vers 4
Anden ser vi ikkje, Men han gjev oss makt Til å tru og leva Slik som Gud har sagt.
Vers 5
Frå vår Gud i himlen, Han som ingen ser, Kjem Guds Ande til oss, Og eit under skjer.
Notater
Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.
Bibelvers
Johannes 3
Samanlikninga mellom vinden og Anden.
Fortsett lesingen
Sangboken