Bibliotek

Skrivebordsvennlig lesemodus

Innstillinger
0 likesSB · 292

Å, tenk at det var for meg At Kristus på krossen hang.

av Anders Nielsen Haave, Nils Lavik

Vers 1

Å, tenk at det var for meg At Kristus på krossen hang. No ser eg den livsens veg, No syng eg den nye song. Ein fallande, feilande syndetræl Då føddest på ny ved Guds kjæleiks eld.

Vers 2

Min Jesus, kor kunne du Den lidingsveg halda ut For meg osm i synd og gru Såg døden som siste slutt? Du bar mine synder til krossens tre, Og i dine sår fann mitt hjarta fred.

Vers 3

Å, lær meg den vegen gå, Ja, trengja meg fram med makt, Og der innmed krossen sjå Den Golgata kjærleiks pakt. Kor sælt det er at den pakta held Frå tida sin morgon til livsens kveld.

Vers 4

Så stig eg då trygg og glad Dei steg som du gjev meg her. Eg øygnar den nye stad, Og skimtar dei frelste der. Eg lengtar å vinna dit inn i hamn, Og ferda skal lukkast i Jesu namn.

Notater

Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.

Fortsett lesingen

Sangboken