Bibliotek

Skrivebordsvennlig lesemodus

Innstillinger
0 likesSB · 69

Eg kysser dine hender Med djupe naglegap, Dei som så herleg vender

av Andreas Nielsen, Nicolaus Inecker, Anders Olsen Svorkmo

Vers 1

Eg kysser dine hender Med djupe naglegap, Dei som så herleg vender Til vinning alt mitt tap, Dei hender som har skrive Mitt fridomsbrev med blod, Og barnerett meg give Hos Gud, min Fader god.

Vers 2

Dei hender som så kjærleg Har lindra sjukdoms nød, Og som så rikt og herleg I øydemark gav brød, Dei hender som så milde Velsignar våre små - Å Frelsar, at du ville Dei såleis såra få!

Vers 3

Når ut mi hand eg rekte Til den forbodne frukt, Du dine hender strekte Og tok for meg mot tukt. Mi hand med blod var stenka, I urett og i svik, Di var til korset lenka, Ein ransmanns hender lik.

Vers 4

Den frelsa Gud meg sender, Er kjøpt med dine sår. I båe dine hender Mitt namn no teikna står. Sjustjerna bind dei hender, Dei styrer verdi all. Frå dei til frelsa renner Ditt blod i dropefall.

Vers 5

I dette kjærleiks under Mi sjel ser trøystig inn, I dine djupe vunder Eg løyner skaden min. No naglane er bytte Med kongsstav og med spir, Då du frå korset flytte Til trona av safir.

Notater

Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.

Fortsett lesingen

Sangboken