Bibliotek

Skrivebordsvennlig lesemodus

Innstillinger
0 likesSB · 151

Eg tenkte då eg levde i syndelivet vilt

av Andreas Nielsen

Vers 1

Eg tenkte då eg levde i syndelivet vilt: Skal eg ein kristen verta, er all mi gleda spilt. Men dette var eit mistak så stort som ingen finn, Nå er eg glad som aldri før, for nå er Jesus min! Nå er eg glad som aldri før, for nå er Jesus min!

Vers 2

Eg høyrde røyster seia: Du ennå er for ung,- Skal du ein kristen verta, du får ei bør så tung. Men sidan i min ungdom meg Jesus fekk som sin, Eg er så glad som aldri før, for nå er Jesus min. Eg er så glad som aldri før, for nå er Jesus min.

Vers 3

Eg tenkte at eg aldri meir vener kunne får, Når eg med bønefolket som lesar skulle gå. Men kvar eg kjem i landet og ferdastut og inn, Eg vener finn som aldri før, for nå er Jesus min. Eg vener finn som aldri før, for nå er Jesus min.

Vers 4

Eg høyrde Satan seia då Gud vart meg for sterk, Eg berre var ein hyklar og falsk i alt mitt verk, Men aldri slik ein hyklar som Satan nokon finn. Eg hatar han som aldri før, for nå er Jesus min. Eg hatar han som aldri før, for nå er Jesus min.

Vers 5

Vel får eg ofte merka at Fienden er sterk, Men aldri kan han tyna min Frelsars store verk. Og står han meg i vegen, i Kristi kraft eg vinn, Som aldri før må Satan fly, for nå er Jesus min. Som aldri før må Satan fly, for nå er Jesus min.

Vers 6

Ja, det er fryd å leva med slik ein hjartesong, Då livsens veg, den smale, meg aldri vert for trong. Og snart så er eg framme og går i himlen inn. Då syng eg glad som aldri før: Min Jesus, du er min! Då syng eg glad som aldri før: Min Jesus, du er min!

Notater

Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.

Fortsett lesingen

Sangboken