Eg veit en veg så full av trengsla,
av John awcett
Vers 1
Eg veit en veg så full av trengsla, Ein tåreveg så tung og trong; Men etter vegen tonar song Av himmelhug og himmellengsla. Det er den veg dei kristne gå, så livsens kruna dei kan få, Igjennom kors og trengsla.
Vers 2
Eg veit ein ven som til meg smiler, Når eg går bøygd i sorg og sut, I liv og død held Jesus ut, Og ved hans barm i storm eg kviler; Ein ven så mektig og så mild Som søkjer alle som fer vill, Ein ven som aldri sviker.
Vers 3
Eg veit ei drakt, ein himmelsk prydnad Som overstråler heimsens glans. Det er vår vunne sigerkrans Ved Jesu blod og fulle lydnad. Den drakt så heilag og så rein, Som løyner synd og skuld og mein, Er Jesu rettferdklednad.
Vers 4
Eg veit ei stund då klokka ringjer Til kvile etter livsens strid. Då strålar ævemorgon blid, Og inga synd for ljoset stengjer. Då kvar ein knopp seg faldar ut Og rosa blømer vent hjå Gud, Då har ho sprengt sitt fensel.
Vers 5
Eg veit ein heim, der barneskaren Frå alle kantar samlast skal. Det er den ljose himmelsal, Dit Jesus Kristus opp er faren. Der samlast me frå aust og vest, Frå nord og sør til bryllaupsfest, Til gleda uten ende.
Notater
Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.
Fortsett lesingen
Sangboken