Bibliotek

Skrivebordsvennlig lesemodus

Innstillinger
0 likesSB · 498

Frelsar, til korsets død Elska du meg.

av Carl Boberg, Andreas Nielsen

Vers 1

Frelsar, til korsets død Elska du meg. Skulle eg ikkje då alt gjeva deg? Fyll du mitt hjarta så At eg av kjærleik må Jublande ofra få Noko for deg!

Vers 2

Ved nådetrona no Ber du for meg. Mi veike tru ser opp, Jesus, til deg. Hjelp at eg korset ber, I liv og tonar her Eit lite vitne er - Noko for deg!

Vers 3

Å må eg likna deg! Eg lengtar så. Må kvar ein dag som døyr Heretter sjå At noko frukt du fann, at eg med kjærleg hand Noko for himlen vann - Noko for deg!

Vers 4

Alt det eg er og har, Gav du meg fritt. Må det i fryd og sorg No vera ditt! Og når eg deg får sjå, Kor skal eg jubla då, Og evig vera få Saman med deg!

Notater

Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.

Fortsett lesingen

Sangboken