Kall dei inn, kvar stakkars syndar, Lammets nattverd ventar deim!
av John awcett, Lars Bendik Henriksen, Nicolaus Inecker, Tor Ilsvik, Peter Waage
Vers 1
Kall dei inn, kvar stakkars syndar, Lammets nattverd ventar deim! Å, i verda er så øyde, Sæla er i himmelheim! Sei at Jesus på dei ventar, Sei han elskar dei ennå. Han vil gløyma deira synder, Liv og nåde skal dei få!
Vers 2
Kall dei inn, kvar stakkars syndar, La dei ikkje ute gå! D'er så mørkt og vondt i verda, Livd hos Jesus kan dei få. Sei at Jesus tek mot alle, Sei han elskar dei ennå, Blodet reinsar alle synder, Liv og nåde skal dei få!
Vers 3
Kall dei inn, kvar stakkars syndar, Jesus ynkast over deim! Å, dei gled seg høgt i himlen Når ein syndar vender heim. Sei at Jesu famn er open, Sei han elskar dei ennå, Det er rom ved Lammets nattverd, Kall og nøyd dei inn å gå!
Notater
Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.
Fortsett lesingen
Sangboken