0 likesSB · 94
Kor herleg, Herre, er ditt namn På all den vide jord!
Vers 1
Kor herleg, Herre, er ditt namn På all den vide jord! Til himlen stig ein takkesong Frå spedborn, utanord.
Vers 2
Ja, når eg ser din himmel, Gud, Og dine fingrars verk, Og stjernene som du har fest Med skaparhanda sterk.
Vers 3
Eit menneske, kva er då det, Som du slik ære gav, Det barnet som du hugsar på, Og nådig tek deg av?
Vers 4
Du gav han mest guddomleg rang Og krona han med prakt, Du gav han av din herlegdom, Din prydnad og di makt.
Vers 5
Du sette han til styrar, Gud, For dine henders verk. Kor herleg, Gud, er namnet ditt, Kor er du, Herre, sterk!
Notater
Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.
Fortsett lesingen
Sangboken