Kor sælt det er å syngja Den beste song på jord, Om Jesus og hans æra,
Vers 1
Kor sælt det er å syngja Den beste song på jord, Om Jesus og hans æra, Hans kjærleik djup og stor! Kor sælt det er å syngja Om denne soga sann! Ho stiller hjartans lengsla Som inkje anna kan.
Vers 2
Kor: Ja, det er hjartetrongen Å syngja Jesussongen, Den gamle, sæle soga, I æva ljos og lang.
Vers 3
Kor sælt det er å syngja; Meir fager, synest eg, Enn alle gylne draumar Den soga er for meg. Ho gav meg fred i hjarta, Og ljos på livsens veg. Og difor må eg syngja Den songen óg for deg.
Vers 4
Kor sælt det er å syngja; For dei som høyrde best, Dei lengtar meir å læra Om det som gled oss mest. Og når i livsens lundar Eg syng den nye song, Det vert den gamle soga Eg elska her ein gong.
Notater
Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.
Fortsett lesingen
Sangboken