Bibliotek

Skrivebordsvennlig lesemodus

Innstillinger
0 likesSB · 206

Kven bankar så varleg i kveldsstille fred På ditt hjarte?

av Anders Nielsen Haave, Kari Sandvik

Vers 1

Kven bankar så varleg i kveldsstille fred På ditt hjarte? Kven kjem med sin lækjedom nådig her ned For hugverk i nettene svarte?

Vers 2

Kan henda du høyrde den bankingi før Og den røysti? Og lell har du drygt med å åpna di dør For livet og gleda og trøysti.

Vers 3

Du kjenner det ofte så audt og så kaldt Her i verdi, Du kjenner det mest som det vanta deg alt Trass glsnden du vann deg på ferdi-.

Vers 4

Kvar rosa på jordi ein klungerkvist ber, Men den freden Som Jesus deg gjev, fri for tornar han er Når livsdager ein gong er liden.

Vers 5

Kva er vel på jordi all æra og glans Og all gleda Mot lukka og æra å heilt vera hans, I brudgomens bunad seg kleda?

Vers 6

Så opna i dag for den ven som deg varmt Ber i tankar! Det finaste gullet er fattig og armt Mot skattane han til deg sankar!

Notater

Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.

Fortsett lesingen

Sangboken