0 likesSB · 54
Ved Jesu føter ei stille stund Når orda kjem frå hans eigen munn,
Vers 1
Ved Jesu føter ei stille stund Når orda kjem frå hans eigen munn, Når eg med Jesus åleine er, Då er det hugnad å leva her.
Vers 2
Kvar finst ein fagrare stad på jord! Kvar høyrest visare sanningsord? Når eg med Jesus åleine er, Då ynskjer eg ikkje meire her.
Vers 3
Her må det tunge og vonde fly, Her vert eg alltid i striden ny, For eg med Jesus åleine er, Den største løyndom får løysing her.
Vers 4
Så lat då koma kva koma vil, Eg veit den stad eg skal springa til, Der eg med Jesus åleine er. Kven kan då standa imot oss her?
Vers 5
Og snart så kjem ho, den stunda kjær Då eg skal sjå honom slik han er. Då eg med Jesus i himlen er Og talar med han som aldri her.
Notater
Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.
Fortsett lesingen
Sangboken